Haha, iallefal nesten. Studysession saman ute på verandaen er ikkje så alt for verst, sjølv om vi blir nødt til å bruke søndagen på dette. Vi får ikkje påskeferie, så medan alle heime i Noreg står på ski og et kvikk lunsj i snø og den herlige påskesola, er det skule, jobb og lekser som står på planen her. Merkar eg skulle ønske eg kunne vere heime og stå på slalom, men samtidig har eg det så bra her at eg har eigentleg ingenting å klage over. Dessutan er det haustferie veka etter påske, så vi får jo vår ferie til slutt vi og!

(Elise er ikkje eigentleg brunare enn meg, ho berre sitt i skuggen…)

Kategoriar: Australia, Skule | 1 kommentar

Hæ? Jepp, heilt sant. Sidan eg snart er ferdig med bachelorgraden min, burde eg vel eigentleg skrive bacheloroppgåve dette semesteret. Problemet med dette scenarioet? Jau, eg er i Australia. Men ser eg dette som eit problem? Hahahahah. I stadan for å skrive bacheloroppgåve, er eg nemlig praktikant i designbyrået Brightlabs her i Brisbane og eg føler meg som verdens heldigaste. Frå eg først tok kontakt med dei tok det under 24 timar før eg var på intervju og hadde fått jobben. Her snakkar vi om eit designbyrå som har vunne så mange prisar for best design at dei treng eit heilt bord berre for det.

Eg begynner no å komme godt inn i det, og det kunne umulig vore bedre. Eg får jobbe med å gjere det eg brenn for, i eit superbra designbyrå med kjempehyggelige medarbeidarar! Sjølv om alle andre er mykje flinkare enn meg, blir eg oppmuntra til å komme med mine eigne idear til prosjekt, og eg føler eg blir tatt seriøs og satt pris på.

Einaste problemet er å stå opp tidlig. Ughhhh.

No skulle eg legge ut eit bilete av ein veldig trøtt Svanhild, men innsåg at det lett kan skremme vekk sarte skjeler, så her er heller eit bilete eg tok på vei heim frå jobb i går då bussen som vanlig var for sein.

Kategoriar: Australia, Jobb, Skule | 3 kommentarar

“Yay, no skal eg begynne å blogge igjen!” hahaha det var i det minste verdt eit forsøk. Har hatt ein ganske opptatt måned sidan sist, og avslutta sommarferien med stil! Fikk Noregbesøk av Helle, og vi surra rundt i Brisbane-området ei vekes tid før vi og to andre tok turen til Melbourne. OG FOR EIN BY! Eg og Eltanin vart heilt oppslukt av all den gjennomførte kombinasjonen dei hadde av gammal og ny arkitektur.

Med ein gong Helle reiste heim igjen til Noreg, begynte semesteret (bokstavelig talt, eg følgte henne til togstasjonen, og for rett til første skuledag). Etter to veker av mitt siste semester på universitetet har eg no:

Begynt å drikke kaffi

Ofte

Spesielt på kule kafear

Så sidan eg har brukt all tid og energi på kaffidrikking, må eg no sitte inne heile helga med alt skulearbeidet frå dei to første vekene.
Kategoriar: Australia, Ferie, Skule | 4 kommentarar

Vips så var eg solbrent.

Kategoriar: Australia, Ferie | 1 kommentar

Kom tilbake til landet med kenguru, koalabjørn og plussgrader på fredag, og SÅ GLAD for å vere tilbake i nye huset vårt! Som om ein 27 timers flytur ikkje var gale nok, reiste eg vidare etter berre nokre timars stopp i Brisbane, retning NSW og landsbygda. Til tross for ufattelig lite mengder søvn, var fredag veldig veldig bra.

Søndag meldte stormen sin ankomst for fullt, med store mengder regn og kraftig vind. Iløpet av dagen gjekk straumen, og tok med seg både komfyr og vatn, så vi endte opp med å måtte sette ei vannmugge ute i regnet for å få drikkevatn. Mat kunne ha blitt eit problem, men sidan eg denne helga budde i samme hus som ein kokk, og vi hadde ein gassgrill tilgjengelig, vart det nok bedre mat enn eg hadde kunne diska opp med sjølv! Dette gikk bra heilt til vi gjekk tom for gass mandags morgon.

Sidan det er midt på sommaren her no, blir ein nesten nøydd til å dusje iallefall ein gong om dagen. Mandags morgon var eg og Eltanin ganske desperate etter å ikkje hatt vatn på ei stond, så vi gikk ut i pøsregnet for å vaske håret, barbere leggane og ta oss ein svømmetur i det overfylte badebassenget i hagen. Vi lurte på om vi skulle prøve å kjøre tilbake til Brisbane iløpet av søndags morgon, men då brua vi måtte kjøre over plutselig var ein meter under vatn, med eit stort tre liggande på tvers over, hadde vi ikkje så mykje anna val enn å vente.

Dette er frå mandag då vatnet haldt på å gå ned og dei begynte å rydde vekk treet. På det verste kunne du ikkje sjå rekkverka eingong for dei va heilt under vatn!

Etter kvart vart mobilnettet slått ut, og vi var heilt isolerte frå omverden, så vi endte opp med å spele oss gjennom nesten alle brettspela vi hadde tilgjengelig for å få tida til å gå.

Straumen kom ikkje tilbake før tidlig tysdags morgon (etter ca. 36 timar utan), og då var heldigvis brua også mogleg å køyre over. Turen gjekk i retning Brisbane, men vi endte opp med å måtte køyre ein veldig stor omveg for å komme oss inn på motorvegen, sidan nesten alle vegane var stengt. Men åh, så godt det var å komme heim til slutt!

Kategoriar: Australia, Ekstremver | 4 kommentarar
15
Sep

Webportfolio

Siste veka har vore heilt CRAZY BUSY. Hadde ein assignment som skulle inn i går, og har jobba med den dag og natt – bokstavelig talt. Måtte ta en all-nighter natt til fredag, pluss droppe to tutorials for å kunne klare å bli ferdig med den. Har lagt mykje arbeid i den, og er ganske stolt over resultatet, sååå…. gå og sjekk den ut her!

Kategoriar: Australia, Design, Skule, Web | 3 kommentarar

Halvveis i skulesemesteret. SERIØST. Tida har berre gått alt for fort. Hadde tre oppgåver som skulle inn denne veka, og to til som skal inn neste veke, så har absolutt nok å sette tenna i! Vart ferdig med to oppgåver i dag, deriblant den eine som skal inn neste veke, så no er det webportefølje for alle pengar den kommande veka. Heldigvis har eg og Elise den samme oppgåva, og kan sitje saman og kose oss med HTML, cola, surt godteri (HAHA, surt godteri i Australia er berre ein dårleg vits), is og M&M’s. Farlig farlig, men det gjer alt så mykje betre å ha ei så kjekk jente og så mykje god mat i nærheiten!

Internett har forresten vore ute denne veka, det kjem som regel ikkje som eit sjokk lenger. Difor har eg no flytta inn på rommet til ei vennine og lånar internettet til naboen her. Like greitt det.

Og forresten: Veit ikkje kvifor eg ser solbrent ut på bildet, men kan garantere at eg har vore inne 24/7 siste veka med skulearbeid, så er vel berre naturleg rosa..

Kategoriar: Australia, Skule | 7 kommentarar

 

THONGS.

 

…trudde eg snakka om truser der, gjorde du? Vel, det trudde eg og. For nokre dagar sidan lærte eg noko av det viktigaste eg har lært sidan eg kom hit. Eg trur ikkje noko eg kjem til å lære på universitetet kjem til å overgå dette. Det er denne lærdommen eg kjem til å hugse når eg om nokre år ser tilbake på året mitt i Australia. Sjølv om eg har skikkelig lyst til å lære meg å snakke litt typisk australsk, så trur eg nok ikkje dette er et ord eg kjem til å klare å bruke i dagligtalen uten at det føles feil.

 

THONGS.

 

Kva betyr det, tenkjer du kanskje no? Det er faktisk det fantastiske fottøyet eg så grasiøst brukar med tjukkelestar her om dagane.

Åh, Australia…

Kategoriar: Australia | 2 kommentarar

På laurdag tok eg og ein gjeng andre turen ut til Gold Coast, ein times tid utanfor Brisbane. Der var vi på Currumbin Wildlife Sanctuary, eg fikk endelig sjå KENGURU! Dei var så søte, eg ville berre ta med meg ein heim til å kose på. Dessverre var ikkje dette like lett sagt som gjort, fann eg ut då eg vart stoppa på vei ut, og dei tok frå meg kenguruen.

No har eg og Elise planlagt mid-semester break som er om ein måned, og det kjem til å bli så bra! Vi skal først til Sydney og vere der nokre dagar saman med ei venninne av oss, og deretter skal alle tre leige ein bil og legge ut på ein roadtrip (på feil side av vegen?!!) oppover gjennom Australia, retning Brisbane igjen. GIRA! Det blir ein perfekt muligheit til å oppleve Australia og samtidig berre ta livet med ro og ikkje bekymre seg for skule.

Kategoriar: Australia | 6 kommentarar
17
Aug

Instaweek #1

(Litt meir enn) den siste veka gjennom instagram:

  1. $5 pizza med gratis livemusikk på koselig plass i West-End.
  2. Fikk ENDELIG sett Billy Talent live. Utruleg utruleg bra konsert og verdt alle år med ventetid!
  3. Som alltid er internettet her heilt elendig.
  4. Tok på meg den risikofulle oppgåva å farge håret til Elise blått, noko som viste seg at skulle vere meir ei meir skremmande oppleving for meg enn for henne.
  5. Max Brenner. Alle som har lyst til å reise til Brisbane ein gong må ta seg ein tur dit! Det er så og seie ein sjokoladeRESTAURANT. Seriøst. Fantastisk. Mmm.
  6. Har allerede slukt heile leverposteiboksen eg fikk tilsendt frå Noreg, og fann ved ein tilfeldigheit australsk leverpostei på butikken her ein dag. Den ligg i kjøleskapet mitt, men har enda ikkje turd å opne den, i frykt for å bli skuffa.
  7. Turtle-graphics. Haha. Tek eit programmeringsfag som eg har brukt ganske lang tid på å hente meg inn igjen på, sidan eg meldte meg på faget to veker ut i semesteret. Det begynner endelig å henge litt på greip, heldigvis.
  8. Tidenes sovesveis.
  9. Community <3 <3. Min nyaste addiction. Har i tillegg klart å infisere naboen min med same avhengigheit, great success!
Kategoriar: Australia, Instagram, Skule | 6 kommentarar